lørdag 2. desember 2017

Basar-årer

Trostereiret produserer basar-årer på bestilling.


Kostnadene til årene er ein eingongsinvestering og de får truleg utgiftene inn på første omgang (om de tek 20,- pr. åre og alle blir solgt) og etter det er det kun forteneste for dykk framover.


Pris kr. 20 pr. åre 


5x13,5 cm årer, pussa, før-lakka, finpussa og stempla eller skrive på for hand (+ trostereiret-logo på baksida.) 

Basaråre med stempla tal
og fargemerking

Ekstra finish inkludert:
- Ekstra lag lakk etter stempling/skriving

Om de ynskjer fargemerking i nedste kanten av f.eks. kvar 100. eller 500. åre (gjer det lettare å sortera vekk årer om de ikkje treng alle på ein trekning dersom det er færre folk enn forventa eller de av andre grunnar reknar med å ikkje få solgt alle årene ) + 2,-/åre

Minstepris uansett antal: 2000,- 
Frakt etter posten sine takstar kjem i tillegg. 

Om du ynskjer årer som du vil skriva på sjølv,  med eit strøk lakk + etterpussa,  kostar det. 10,- /åre. (minstepris 350,- + frakt) 

Alle priser er ex. mva (25%)  

Basarårene vert laga for hand og av naturmateriale så naturlege variasjonar vil forekoma.

Stempla og handskrivne årer
i bunker på 10

Kontakt trostereiret for meir info

tirsdag 5. september 2017

Gratis teikneprogram INKSCAPE

Inkscape er eit gratis og veldig bra teikneprogram for td. logoar, visittkort mm. Nedlasting og meir info finn du på inkscape.org 
Her er ein video frå Irfan Prastiyanto om korleis du kan teikna google drive-logoen. Engelsken er diverre ikkje den mest forståelege, men han er ein flink fyr som det er vel verd å sjekka ut om dette fall i smak.

7 skrifttypar du ALDRI brukar i logoar

Kollega Nick Saporito har nokre bestemte meiningar om kva for bokstavtypar eller fonts som absolutt ikkje eignar seg i logoar.












"... 7 different fonts that should never be used in branding — whether you’re a designer or a client — and I don’t just mean Comic Sans. Everyone knows not to use Comic Sans. These are fonts that are often overlooked. Some of them aren’t necessarily bad from a design standpoint — they’ve just been used incorrectly by amateurs..."
Les meir...

tirsdag 13. juni 2017

T-skjortar til kodeklubben

Trostereiret har levert t-skjortar til kodeklubben i Fjell kommune. Dette er eit tilbod til born og ungdom som vil læra grunnleggjande koding på datamaskin. 

"Med Scratch kan du programmera dine eigne spel, animasjoner og forteljingar — og vise dei fram på nettet om du vil.
Med Scratch kan barn og unge læra kreativitet, systematisk tenking og samarbeid."

Informasjon om tilbodet med påmelding finn du HER og ynskjer du meir info om kva ein kodeklubb er kan du sjekka kodeklubben.no

torsdag 13. april 2017

Rettferdige plagg med NEUTRAL

Stolt og entusiastisk tilbyr TROSTEREIRET gensre, 
t-skjorter og joggebukser mm. frå NEUTRAL. Dei legg vekt på at produkta og produksjonen skal vera rettferdig og miljøvennleg, noko som samsvarer med vår filosofi. Kle deg opp med godt samvit! Du får heilt sikkert billegare plagg hos andre leverandørar, men for deg som bryr deg om meir enn prisen er dette det rette valet.



 Kontakt Trostereiret


 NEUTRAL 2017
NEUTRAL katalog 2017


tirsdag 27. desember 2016

Fjording motiv

Fjordhesten er ein kjær ven og trufast arbeidskamerat for mange. Er du interessert i t-skjorter eller gensre med dette motivet sender du meg ein melding med dine ynskjer. 
NB! Minsteantal er 10 stk.

 Kontakt Trostereiret


 Send forespurnad til Trostereiret


Sjekk norsk fjordhestsenter om du er interessert i fjordingar.